

Kunstig fjell er eit av Vestnorsk Trofé-Montasjes satsingsområde. Me lagar svært naturtro fjell ved hjelp av forskjellige matrial, alt etter bruksområde. Øverst ser du to oter, veggmontert på kunstig stein. Her er brukt eit lett matriale.
På bildet med ulven er det brukt betong, då dette er ein permanent utstilling som skal tåla røff behandling.
Den vanlegaste typen av fjell me produserar er i utgangspunktet laga av isopor eller byggskum. Den blir kledd med eit tynt lag "steinmasse" som blir forma og malt.
Då det i hovudsak er utstopping me arbeidar med, er det naturleg at dei fleste steinane me lagar, blir det sett eit dyr på. Til venstre er eit døme på ein stein som held på å bli mala med forskjellige fargar og teknikkar.
Denne steinen skal henga på vegg og det skal stå ei gaupe på den. På biletet under er det ferdige resultatet. Naturtro fjell, nokre røtter og litt konserverte planter gjer sitt til at dette blir ein gaupemontasje utanom det vanlege!
