logoKjære gjest!

Vestnorsk Trofé-Montasje driv i hovudsak med utstopping av fuglar og dyr.  Bedrifta blei etablert i Fusa i 2003 av taksidermist og dagleg leiar  Vidar Djupvik.  I 2009 flytta me til Jølster i små, men trivelege lokale.  Logoen vår, teikna av Åge Rød, har blitt eit symbol på kvalitet, som har våre hovudfokus for oss heile vegen.

 

 jlster 001 small

 

 

Slik ser gården ut frå E39.  Når du kjem frå Førde, vil det blå Årdal-skiltet peika på verkstaden, som er i kjellaren på det øverste, gule huset.  Med plasseringa midt i Jølster i Sunnfjord, midt i Sogn og Fjordane og ved europavegen, er me lett tilgjengeleg og du er velkommen innom som kunde eller gjest om du køyrer forbi og vil slå av ein prat eller sjå på dyra.