- 26.02. I dag er den nye sida lagt ut på nett. Er hos Solberg-Data og får opplæring, så snart kan eg oppdatere sida sjølv med tekst og bilder. Mykje gjenstår, men det skal bli bra tilslutt!!
- Vh. Vidar
- 23.03. Legg ut ein del bilder i dag, og skal prøva å få i gang nettbutikken. Det er travelt i verkstaden, men er no ferdig med siste hjortehovud for i år, så no er det rev, ryper og andre småting som står for tur.
- 24.06. Hei igjen! Ser det er mangen som er innom og ser på sida. Det er kjekt!! , men eg får
- dårleg samvittighet når eg ikkje har oppdatert:( Mykje har skjedd sidan sist; Olai, den nye verdsborgaren, har fylt tida vår med bleier, mating og store gleder. Kansje er det den nye taksidermisten som kom i mars?:) I verkstaden er det siste innspurt med kundearbeid, så det kan takast ferie før sesongen kjem for fullt med haustjakta. Ellers planlegges det diverse kurs utover vinteren; td. fellefangstkurs med Torkjell Mikkelsen. Flåing og skraping av mår. Trofébehandling. Innføring i preparering av fugl. Sistnemnte vil gå over fleire helger. Annonsering kjem etter kvart, men ta gjerne kontakt om du vil på kurs!
- 25.06. I dag må nemnas at det er skreve lærlingkontrakt med Stian Mjelde, som ønskes velkommen i bedriften frå august. På nettsida skjer det stadig nokre forbetringar. Det siste er linken "Vanlege spørsmål" der eg etterkvart skal skrive ned dei vanlegaste spørsmåla innan taksidermi, og svare på dei. Det er mange mytar om faget, så eg håpar det kan vera til nytte!
- "Kunstig fjell" er eit satsingsområde for oss, som me vil fortelja om og her kjem det og etterkvart meir bilder og informasjon. Når det gjeld Framsida og Nettbutikken, vil her komma ein del forandringar om kort tid. Følg med, følg med:)
- 06.07. Det har vore roleg i verkstaden ein periode. Det kokes nokre skallar og lages litt stein, men tida går helst med til å forbetra diverse før lærlingen kjem og mykje er under planlegging til hausten/vinteren.. Det blir spanande tider! Leveringstida på fire månader har dessverre sprukket for lengst, men den skal hentast inn igjen snart. Verkstaden er nokså tom for dyr, og det passar bra, for i veke 29 kjem ein stor hannbjørn frå Sverige som skal stoppast ut som verkeleg treng plass:)
- 01.09. Hei, igjen! Jaktsesongen nermar seg og det brusar i blodet på fleire enn meg:) Nokre har allereie starta med rådyr og rein, men for min del brakar det laus den 10. Lærlingen, Stian, er i full aktivitet i verkstaden. Fleire veit det gjerne, då me var avbilda i Firda i går. Me har profilert oss litt meir enn i fjor og var t.d på Sandanedagane for eit par helger sidan. Forrige helg holdt me eit lite foredrag for nokre fangstfolk i Viksdalen på Fosseheimen Naturpark. I går var det jaktfeltstemne på Eikås. Me satsar på ein travel haust:)